tag:blogger.com,1999:blog-4425587778231150222.post3965317914581580484..comments2023-03-13T07:21:16.372-07:00Comments on Fred-Arne Ødegaard: 45. Brusselbrev (siste!) fra Fred-Arne (4.10.2012)Fred-Arnes Brussel-blogghttp://www.blogger.com/profile/16772117662822670534noreply@blogger.comBlogger1125tag:blogger.com,1999:blog-4425587778231150222.post-4394029403882752952012-10-11T04:20:23.424-07:002012-10-11T04:20:23.424-07:00Hei Fred-Arne! Flott at ryggen er på betringens ve...Hei Fred-Arne! Flott at ryggen er på betringens veg. Takk for nok eit sers interessant brusselbrev, det er mange godbitar til meg som arbeider i bibliotek sidan eg bestiller inn bøker som grensar opp til og har mykje med IKT-politikk å gjere.

Du skreiv noko eg meinar er veldig viktig i dette siste brevet:

"I stadig økende grad dreier EUs arbeid med IKT seg om IKT som grunnlag for jobber og vekst. Dette er en vinkling som nesten er borte i norsk IKT-politikk, bortsett kanskje fra IKT som virkemiddel for å effektivisere forvaltning."

Min teori er som fyljer: Dersom me i vesten utviklar oss med vanleg tradisjonell framdriftsplan, dvs. i overkant "vent og sjå" framføre proaktiv og initiativrik utnytting av internett, så vil me tape så det susar mot BRIC-landa. Desse landa har så enorme ressursar med menneskeleg kompetanse til brøkdelar av lønningane til folk i Vesten. Det vil ikkje nytte å køyre på med tradisjonell Intellektuell eigedomsrett sidan også dette våpenet vil verte kapra og brukt imot Vesten i neste omgang.

Kva står me igjen med då? Jau, å konkurrere i å vere progressive. Me kan omstille samfunnet til å verte så progressivt at til og med IP-lovar og handelskrigar ikkje bit på oss. Me må rett og slett smelte inn våres progressive strategiar inn i BRIC-landa sine strategiar slik at dei vert umoglege å halde frå kvarandre. Døme: Kina greier seg ikkje utan vestlege internettselskaper, restriksjonar vert omgått like mykje som ripping av CD-ar var vanleg på slutten av CD-alderen.

Forlaga har påstått at Open Access på vitskapeleg produksjon vil gi Kina gratis fordelar. Forsknings og utdanningsinstitusjonane gjer det motsatte, dei lagar kurs som er opne for Kina og legg meir og meir gratis ut, og til og med etablerar seg an mass i Kina (Harvard, Columbia, MIT etc.).

Å tru at me kan behalde utviklingsavdelingane og hovudkontora når 3 milliardar kineserar og inderar utdannar seg 18 timar i døgnet kan me berre gløyme. Her må det kraftigare lut til for å vere relevant. Enig?Pål M. Lykkjahttps://www.blogger.com/profile/14943722543573727942noreply@blogger.com